lørdag 14. mars 2015

NIB-utfordring

Eg er så svak for teakmøblar frå 60-talet(?), designen og kvaliteten er veldig bra. Her ein dag kom eg over to nattbord på bruktbutikken, eg køyrte rett på fargehandelen og kjøpte inn måling for å gje dei ein makeover. Sjølv om eg er veldig glad i teakfargen, så passa den liksom ikkje heilt inn på soverommet mitt slik det framstår i dag. Her går det i grått og svart for tida. Eg lot beina vere i originalfargen, fordi det blei ein litt rå kontrast. Det gjenstår å sjå om eg skal behalde dei slik, eller om dei blir svarte eller kvite. Eg brukte svartmatt måling med pittelitt glans sidan den er litt sterkare enn matt måling.