torsdag 1. januar 2015

Godt nyttår!

Hjelpe meg, denne bloggen lir av mitt fråvere merkar eg! 
Nyttårsaften blei feira heftig denne gongen. Eg diska opp til afterparty for 20-ish herlege folk og vi heldt det gåande til morgontimane. Det er litt kjekt å gjere litt ut av det når eg først tek på meg vertinnerolla, så pittelitt ballongar og nyttårselement måtte til for å setje stemninga. Og litt aktivitetar måtte også til, eg køyrte ein random kahoot-quiz med snoking på facebooksidene til folka - veldig gøy! Også skreiv alle eit nyttårsforsett på ein lapp, også trakk vi kvar sitt random nyttårsforsett! Det var ikkje dumt, mange fekk nye idear til fortsett, medan vi fekk ein god latter av andre. Å, kor vi kosa oss :)





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar