lørdag 2. august 2014

vannimunnen-bakkels

Etter andre forsøk naila eg vannbakkelsen i går. Eg fann ut at ein likegjerne kan lage porsjonskaker, for dei har kanskje større sjanse til å overleve frå synke-saman-døden?.. Vannbakkelsen blei fyllt med deilig krem med bringebær, jordbær og sjokolade. Eit lite dryss med melis over, og det er ei dronning verdig! Bestemor smilte då ho såg resultatet mitt - og då smilte eg også:) Oppskrifta er henta frå TV2-kokk-Wenche si oppskriftsbok.. Enkel og grei oppskrift.



Du skal få oppskrifta her:
2,5 dl vatn kokast opp og 1 ts salt og 125 gr smør skal smeltast i vatnet. Så tilset du 125 gr kveitemjøl - alt på ein gong. Rør kraftig ut alle klumpar, la panna stå på plata/varmen. I oppskrifta stod det at du skulle "svi" deiga litt på alle sider. Dette tykte eg var litt skummelt, så eg berre sa "no svir eg deiga litt på alle sider", og lot det bli med det. Eg prøvde litt altså. Etterpå har du deigklumpen over i ein bakebolle og tilset eit og eit egg, hugs å røre inn egget før du tilset det neste. Dette gjentek du 4 gongar (4 egg tilsaman). Også legg du deiga på steikeplata etter alle kunstens reglar. Steik den på 200 grader i minst 30 minutt. Eg er veldig glad i vannbakkels servert med bær, så bland gjerne litt bær oppi fløtekremmen før du serverar det til smilande og takksame gjestar.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar