torsdag 7. august 2014

Reiseblogg: GDANSK

Eg googla meg grøn etter reisetips før eg dro til Gdansk, det er mykje bra å finne der ute. Men eg skal no prøve meg på ei ganske utfyllande skildring, sett frå ein småkritisk og gnien sunnmøring. På denne turen reiste eg åleine, så turen fekk ein del begrensingar på grunn av det. Hadde vi vore to eller fleire hadde nok skildringa fått ein litt anna vinkel:)






Eg booka eit aldeles nydeleg hotell sentralt i Sopot. Eg hadde store ambisjonar om å slynge meg på beachen med stråhatt og paraply-pepsi-max (eller paraplydrinkar vil andre seie). Sopot ligg mellom Gdansk og Gdynia, og er ein av dei tre såkalla trippelbyane. Første dagen la eg meg på stranda og var stornøgd med den nydelege og ikkje minst reine og laaange stranda. Men eg fekk ikkje heilt til å slappe av på grunn av verdisakane eg hadde med meg, eg ville jo helst bade då. Sjølv om sjøen ikkje er like klar og fin som heime, så var den fristande og fin å bade i. Dette blei utfordring nr.1. Det er kjipt å vere på beachen åleine. Eg las bok og var landkrabbe. På stranda var det barar og utlån av solsenger og sånne fancy alkover (eller kva det heiter), servering av champagne og kva du måtte ynskje. Når du først er i Sopot må du sjølvsagt  vandre på den 500 meter lange piren, helst i solnedgang, knallfint! 








Eg sette av dag 2 til Gdansk sentrum. Magekjensla leia meg til gamlebyen, her var det loppemarknad gate opp og gate ned, mykje moro å sjå på. Mykje spanande mat og smakar. Og fine kafear. Eg er ein sånn person som likar å berre rusle rundt og kike og lukte og smake og måle pulsen på byen. Men etter eit par timar blir du liksom metta på meter på meter med gamal messing, vinyl og blondeduker. Så takk og pris kom eg meg ned til elvebreidda. Der var fint å rusle. Her var og mange fine restaurantar. Øh, nemnte eg at her var turistar også?.. Eg blei fortlat at kjøpesenteret Madison var verdt eit besøk. Eg tykte ikkje det. Dette var litt dårleg tykte eg. Superkritisk og med lavt blodsukker var eg ganske skuffa. Eg tok toget vidare til Galeria Baltycka. Eit stort kjøpesenter tre togstopp frå Gamlebyen. Dette var mykje betre. Eg var ikkje heilt overbevist, men dette skuldast sikkert lavt blodsukker og gnagesår kombinert med heiteslag frå vandring i gamlebyen i 31 grader (sorry, dette er uelegant, men det er røynda).. Men dette kjøpesenteret er verdt ein titt.


 




Eg kjende at eg var litt stressa dag 3, eg hadde ikkje fått shoppa noko endå, og det var berre 2 dagar igjen av turen. Eg var rett og slett litt skuffa over alt som var skrive om Gdansk og at det den heldt Londonstandard i shopping. Skal du shoppe som du shoppar i "vesten", så må du rett og slett på dei store kjøpesentra. Du finn ingen butikkar på gateplan. Og moten her er jo litt så som så, eg følte meg litt som ein slask der eg gjekk blant trippefine folk med høge hælar og flotte farger og korte og tilsetjande kjolar. Eg hadde fått åndenåd skulle eg gått med noko slikt i 31 grader, men så er jo eg ein kval. Når det er sagt, så er kleda litt mindre i storleik også. Men når all denne kritikken er servert, så må det nemnast at her var nokon veldig bra butikkjeder innimellom desse kjedlege vi er vande med her heime. For å nemne nokon: RESERVED, HOUSE, MOHITO og et eller anna kjede som heitte noko med ein g-nøkkel i logoen... Dritgode klesbutikkar med eit prisnivå rundt H & M. Vesker og sko? neeeh, ikkje overbevist. 



Men ja, tilbake til dag 3: Dette var dagen for OUTLETET!! Ta gjerne taxi, men aller helst buss, for det kostar berre 6 NOK ;) Eg hang meg på nokre svenskar som skulle same veg, så eg hadde flaks (slapp å orientere meg). Det gjekk ei busslinje frå togstasjonen i gamlebyen. Enkelt å finne fram. Outletet var bygd som ein liten landsby og var råstilig. Eg brukte mange timar her. Utvalet var overraskande stort! Sjølv om dei mest populære brandsa var litt for lite redusert i pris for ein sunnmøring (dette gjeldt spesielt sportsklede og litt større merker som Tommy Hilfiger bl.a). Fashion Outletet ligg like ved IKEA og Carrefoure, så det er fort gjort å stikke innom her i samme slengen. Carrefure er berre ein superstor supermarknad eigentleg, men eg diggar det! Her hamstra eg god TE, bakekakao, kokesjokolade og godteri. Lindt-sjokoladar og godteri er så dyre heime og på taxfree - faktisk, så denslags kjøper eg alltid på lokale/store supermarknader. Eit tips! 




Så var vi komen til dag 4. Eg burde tilbragt denne dagen på stranda, men eg var framleis ikkje heilt nøgd med shoppinginnsatsen. Så denne dagen blei brukt i by 3 av 3; Gdynia. Her er 2 store kjøpesenter som er verdt å få med seg. Det desidert største er Riviera City. ENORMT! sjukt stort og sjukt bra kjøpesenter. Klif er eit litt mindre kjøpesenter, men absolutt verdt å få med seg. Her er det ein del merkebutikkar av type "vi bruker ikkje prislapp på varene våre"-standard. Kvelden blei avslutta med eit nydeleg spa, som er billeg. Ikkje forlat Polen utan å ha vore innom eit SPA/massasje. AAah.



Oppsummert:
# Maten var billeg og svært bra. Du kan velje og vrake i restaurantar, mykje bra. Men eg var ikkje ute etter kulinariske munneksplosjonar på denne turen (kjip utfordring nr 2 med å reise åleine. Å vere einsam på restaurant er kjipt). Maten kostar sikkert 1/3 av maten her heime.. 

# Interiørbutikkar er så og seie ikkje-eksisterande. Litt "riviera-maison"-stil på 2 butikkar på Klif, du finn Zara- og H&M-home på Riviera City. Elles var der ein kjede som heitte Home for us, eller noko i den dur. Her gjekk det i litt utdatert kinesisk-teikn-interiør og litt sånn i den gata. 

# Kollektivtransport er enkelt å setja seg inn i. Toget går anten eine vegen til Gdansk eller andre vegen til Gdynia. Null stress. Kostar lite. Taxi kostar også lite, men kan lett bli dyrt i det store løp. 

# Sopot er ein turistby, og det kryr av skandinavarar der og ferierande aust-europearar. Sjuktsjukt mykje folk. Det er dyrt å bu der. Så om du er ute etter å shoppe, bør du booke deg eit hotel i Gdansk eigentleg, der var det mykje billegare å bu. Eg kasta vekk litt pengar på å bu på eit 5-stjernarshotell i Sopot, med tanke på kor lite eg brukte fasilitetane der (les:stranda). 

# Det er eigentleg nok med 3 dagar i Gdansk. 1 dag i gamlebyen (det er så vakkert der, eg er litt arkitektur- og historienerd, så dette var obligatorisk), 1 dag på outletet og 1 dag i Gdynia. Men med dette programmet rekker du ikkje badebyen Sopot. Anten eller eller ja, takk begge deler. Eg prøvde meg på ein Ole Brum; Ja, takk, begge deler. 

1 kommentar:

  1. if you are looking for transportation/taxi from the airport Gdansk to the center of Gdansk.I recommend the company Gdansk airport transfer http://airportgdansktransfer.com

    SvarSlett