fredag 1. august 2014

Kjøkenet mitt i dag

Late sommardager nærmar seg slutten, det er rart det, at det på ein måte er litt godt at kvardagen byrjar på att. Vekkarklokka ringer klokka sju og du karver deg ut av senga og zoombierusler inn på badet, medan du gler deg til fredag og helg. Ein evig runddans, men det er min runddans som eg sjølv har valgt. Og eg likar det. 


Eg har framleis ei veke att av ferien min, og den skal nytast til det fulle. I dag er det litt gode gjerningar som står på planen. I ovnen står mitt første forsøk på ein vannbakkels til farmor kjem på besøk i ettermiddag. Vannbakkels har ein tendens til å kollapse, men so far, so good:) Om ei lita stund skal eg på matlagingsdate med mormor, ho vil ha litt rådgjeving i pastasalatvegen, ho hadde ein draum om ein krema pastasalat med kylling og karri. Det må vel lat seg gjere? Har du ei god oppskrift på dressinga, så tek eg imot med eit smil og eit stort takk:)


Sånn elles har veret snudd litt om her på Sunnmøre, det er grått og trist. Overskya og regn, og kveldane er mørke. Temperaturen har gått bort frå trivselstemperaturen på rundt 19 grader og kryper ned mot 13 og 14 grader. Men vi treng vel å kjølast ned alle mann etter denne fantastiske versommaren. 

Mitt nye ingefærtre, måtte du få eit langt og velstelt liv!

Mi svært naudsynte kaffiavdeling....

No tok eg vannbakkelsen ut av ovnen og den fallt saman. Ugh. Sånnt som skjer når ein ikkje fylgjer med på tida og bloggar istaden. Då var det å finne på noko anna å servere.... 


Då var det påan igjen.....





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar