mandag 31. mars 2014

ustødig lysestake....

Ein halvlaga Ferm-lysestake har venta og venta på ein god ide om korleis den kan stå stødigare på bordet. Det første eg prøvde på var å lime treknappar under. Og det virker til ein viss grad. Men lysestaken er ikkje flyttbar i påtent tilstand. Den velter litt for lett og er sikkert veeeeldig brannfarleg. Også er den litt skakk og skeiv då, sjølvsagt, du ser at lysa er litt skeive der dei står.. Men sånn er dei fleste DIY-ane mine ;D 

Åh, no er måndagen komen og snart over, det er godt å ha føtene på sofabordet (oops) og berre la TV-en surre og gå. Middagen blei ein fjordland (oops igjen). Det er alltid litt tungt å starte på ei ny veke, etter ei helg proppa av glede. Men hallo, kvardagen er jo også ei glede :D 
Ha ei fortryllande magisk veke som er fullproppa av glede og smil!




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar