mandag 31. mars 2014

Mi TRENDanalyse

NIB har ein konkurranse om trendtolkning gåande. Eg har ikkje vore så aktiv på interiørtrendgooglinga endå, men eg gjettar at mykje av det vi finn i folk sine heimar er metall (kobber og messing/gull), geometriske mønstre på puter og vaser, til våren og sommaren ser vi blomar og pastellfargar, vi vil framleis ha naturen inn i huset vårt gjennom tre(ubehandla?) og marmor/stein. Print, visdomsord, plakatar, collage og såkalla moodsboard vil framleis dominere veggane våre. Nemnde eg svart og kvit?

Sjølv om eg leikar trendanalytikar no, har eg ikkje så mykje av dette å vise fram frå heimen min...endå. Men nokre småglimt har eg prøvd å få til. Eg har også satt saman ein liten collage frå ymse nettbutikkar til inspirasjon ;D

Messing, svarte detaljar, marmor, stein

Småmøblar i ubehandla tre..?

 Plakatar og print med ord og grafisk design...?

 Svarte og kvite detaljar/mønster og metallisk metallisk metallisk...




 Alt frå ellos.

Varer frå Bolia, kremmerhuset, verket interiør, hugsar ikkje kor plakatane er frå....







Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar