søndag 16. mars 2014

kvitt

Kalenderen vår viser vår, og vår har vi hatt sidan...haust? Vinteren har liksom aldri kome til Sunnmøre i år. Men i dag veit du. I dag bestemte han seg for å vitje oss. Ingenting overraskar ein sunnmøring når det gjeld veret ;) Kvitt og kald blir denne søndagen. Men fint er det.

No er det berre å brette opp armane og byrje på dagen. Her står matematikk på agendaen. Og kjenner eg meg sjølv rett, så blir det vasking og anna husstell innimellom. Det er rart det, kor lyst ein får til å gjere husarbeide når ein skal studere. 

Ynskjer deg ein flott søndag!



Ein superrask DIY eg gjorde for litt sidan. Skeive som få, men det er rart med det, skakt og skeivt har sjarm ;)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar