mandag 17. mars 2014

Isolasjonstape..washitape?

Det første som slo meg då eg vakna at dette blir ein fantastisk dag! Etter å ha myst 5 gongar mot vekkarklokka så sprakk denne bobla av ein fantastisk fantastiskhet. Dette til trass, dagen blei så himla fin likevel. Då eg kom heim frå jobb var dagsplanen full av type husarbeid som ikkje blei teke i helga. Men så kom den kreative feen og sette seg på skuldra mi og kviskra; Astri, eg har ein ide! Du som har striper på hjerna for tida, du mååå berre lage nokre striper på dei store kvite krukkene dine. Det kjem til å bli tøft! Og veit du kva? Prøv å lag nokre kryss/kors på den eine. dritkult.
Det byrja å klø i fingrane mine og som høyrt så gjort. 

"Veit du at du får isolasjonstape i ulike fargar?", kom det tørt frå gjest1. "Til påska kan du bytte ut all den svarte tapen med gul!", sa gjest2. "Vi får sjå på det", sa eg.

Skal tru kor tid eg får mot til med og klatre opp i den lange stigen for å skrape vekk klisterlappane på vindauga...



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar