lørdag 8. mars 2014

hadde det vore ein gong...

Eg hadde planar om å bidra på NIB sin konkurranse denne gongen, konkurransen om det finaste soverommet! Men saken var den at eg ikkje har hatt eit skikkeleg soverom - før i dag. Eg har hatt ein plan om soverommet mitt i hovudet lenge, men har ikkje teke meg tid eller råd til å lage det til. Men i dag då veit du. I dag skulle eg ha tid. Eg humpa meg avgårde til byen for å handle litt, blant anna eit nattbord. Men så var saka den at det nattbordet eg likte best var så simpelt at eg kunne like gjerne ta ein DIY på det. Ergo kjøpte eg ei hobbyplate istadenfor eit nattbord. Sjølvsagt vart det ikkje i nærleiken like lekkert som nattbordet på bohus. Men det skal nok gjere sin teneste. Ja, eg har nemleg snikra og saka (for hand!) nattbordet mitt i dag. Og beisa det. Då eg kom heim frå byen byrja eg å style litt, og voila fekk eg eit soverom eg verkeleg likte. Bileta av soverommet vart tekne, men eg hadde ikkje tid til å blogge før no. 2 minutt over 22. Og guess what, konkurransen gjekk ut klokka 22.00. Og her sit eg og småhulkar med eit knallfint soverom, men utan moglegheit til å delta i konkurransen på NIB. Jaja, ein frist er ein frist. Sånn er det. Eg får heller pay attention til tidsfristen neste gong. 
Jaja..






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar