søndag 9. mars 2014

DIY: ferm-lysestake copycat

Også var det copykatten som skulle lage ein DIY av Ferm-lysestaken(?), er det Ferm? Trekuler har eg kjøpt for lenge sidan, men prosjektet har berre venta i ei skuffe. Omsider fekk eg endeleg bora 4 hol i kulene og fått tredd dei på ei snor. Kjempegreier, tenkte Astri og smilte stolt med eit bra resultat. Men så skulle ho sette lysa oppi, og lysa velta og kulene låg ikkje i ro. C.R.A.P. Estetisk fin? Ja. Brannfarleg? Ja. FAILURE!
Så no må eg finne ut ein lur måte å få trekulene til å ligge i ro på.. Dersom det tek like lang tid å fikse som det tok å starte på dette miniprosjektet, så blir den nok ferdig til sommaren tenkjer eg!;)

No er søndagen over og eg er stappmett av ost og kjeks. Helga har vore litt usosial, så neste helg må det brake laust litt!! Det er igrunnen heilt OK at det er måndag i morgon merkar eg! Å, for ei fin kjensle det er!



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar