mandag 31. mars 2014

Mi TRENDanalyse

NIB har ein konkurranse om trendtolkning gåande. Eg har ikkje vore så aktiv på interiørtrendgooglinga endå, men eg gjettar at mykje av det vi finn i folk sine heimar er metall (kobber og messing/gull), geometriske mønstre på puter og vaser, til våren og sommaren ser vi blomar og pastellfargar, vi vil framleis ha naturen inn i huset vårt gjennom tre(ubehandla?) og marmor/stein. Print, visdomsord, plakatar, collage og såkalla moodsboard vil framleis dominere veggane våre. Nemnde eg svart og kvit?

Sjølv om eg leikar trendanalytikar no, har eg ikkje så mykje av dette å vise fram frå heimen min...endå. Men nokre småglimt har eg prøvd å få til. Eg har også satt saman ein liten collage frå ymse nettbutikkar til inspirasjon ;D

Messing, svarte detaljar, marmor, stein

Småmøblar i ubehandla tre..?

 Plakatar og print med ord og grafisk design...?

 Svarte og kvite detaljar/mønster og metallisk metallisk metallisk...




 Alt frå ellos.

Varer frå Bolia, kremmerhuset, verket interiør, hugsar ikkje kor plakatane er frå....







ustødig lysestake....

Ein halvlaga Ferm-lysestake har venta og venta på ein god ide om korleis den kan stå stødigare på bordet. Det første eg prøvde på var å lime treknappar under. Og det virker til ein viss grad. Men lysestaken er ikkje flyttbar i påtent tilstand. Den velter litt for lett og er sikkert veeeeldig brannfarleg. Også er den litt skakk og skeiv då, sjølvsagt, du ser at lysa er litt skeive der dei står.. Men sånn er dei fleste DIY-ane mine ;D 

Åh, no er måndagen komen og snart over, det er godt å ha føtene på sofabordet (oops) og berre la TV-en surre og gå. Middagen blei ein fjordland (oops igjen). Det er alltid litt tungt å starte på ei ny veke, etter ei helg proppa av glede. Men hallo, kvardagen er jo også ei glede :D 
Ha ei fortryllande magisk veke som er fullproppa av glede og smil!




søndag 23. mars 2014

Då har nok ein søndag kome gjennom vindauge, litt blå himmel innimellom skyene, og ein og anna solstråle har truffe Vigra denne morgonen. Ein nydleg og ikkje så veldig sunn frukost og ein skikkeleg søndagskaffi har blitt innteken. Åå, det merkast at veret viser seg frå godsida! 
Søndagsroa har nådd heimen og det er så deilig! 
No står heile dagen framfor meg og eg kan ikkje vente med å fylle den med....matematikk. 

Ha ein finfin søndag!






onsdag 19. mars 2014

bounty-snurr

I ettermiddag har eg baka brød, rundstykker og kokos-og-sjokoladesnurrar med oppskrift frå Passion4baking. Manuela frista meg med dei nydlegaste bileta på bloggen sin. Sukk, mine vart langt frå like delicious, men eg skuldar på det dårlege lyset då eg tok bileta! 
No skal eg berre nyte dei siste timane av kvelden på sofaen med kaffi i koppen og ein bounty-snurr:)
Ha ein finfin kveld!





mandag 17. mars 2014

Isolasjonstape..washitape?

Det første som slo meg då eg vakna at dette blir ein fantastisk dag! Etter å ha myst 5 gongar mot vekkarklokka så sprakk denne bobla av ein fantastisk fantastiskhet. Dette til trass, dagen blei så himla fin likevel. Då eg kom heim frå jobb var dagsplanen full av type husarbeid som ikkje blei teke i helga. Men så kom den kreative feen og sette seg på skuldra mi og kviskra; Astri, eg har ein ide! Du som har striper på hjerna for tida, du mååå berre lage nokre striper på dei store kvite krukkene dine. Det kjem til å bli tøft! Og veit du kva? Prøv å lag nokre kryss/kors på den eine. dritkult.
Det byrja å klø i fingrane mine og som høyrt så gjort. 

"Veit du at du får isolasjonstape i ulike fargar?", kom det tørt frå gjest1. "Til påska kan du bytte ut all den svarte tapen med gul!", sa gjest2. "Vi får sjå på det", sa eg.

Skal tru kor tid eg får mot til med og klatre opp i den lange stigen for å skrape vekk klisterlappane på vindauga...



søndag 16. mars 2014

kvitt

Kalenderen vår viser vår, og vår har vi hatt sidan...haust? Vinteren har liksom aldri kome til Sunnmøre i år. Men i dag veit du. I dag bestemte han seg for å vitje oss. Ingenting overraskar ein sunnmøring når det gjeld veret ;) Kvitt og kald blir denne søndagen. Men fint er det.

No er det berre å brette opp armane og byrje på dagen. Her står matematikk på agendaen. Og kjenner eg meg sjølv rett, så blir det vasking og anna husstell innimellom. Det er rart det, kor lyst ein får til å gjere husarbeide når ein skal studere. 

Ynskjer deg ein flott søndag!



Ein superrask DIY eg gjorde for litt sidan. Skeive som få, men det er rart med det, skakt og skeivt har sjarm ;)

onsdag 12. mars 2014

Før og etter

Eg må berre vise eit før- og etterbilete av soverommet. Dei små grepa eg gjorde var å kjøpe ei fantastisk god "hotellpute", skrudde opp ei biletlist og printa ut nokre plakater og laga eit enkelt nattbord.
 Det var eigentleg ganske enkelt! 
Ha ein fin lillelaurdag! 


Hm, den fargalyslenka skal definitivt ikkje hengast oppat på sengegavlen.. Den svartstripa vasen er ein enkel kvit vase med isolasjonstape på. Nattbordet er laga av to hobbyplater og beisa i drivvedfarge.

søndag 9. mars 2014

DIY: ferm-lysestake copycat

Også var det copykatten som skulle lage ein DIY av Ferm-lysestaken(?), er det Ferm? Trekuler har eg kjøpt for lenge sidan, men prosjektet har berre venta i ei skuffe. Omsider fekk eg endeleg bora 4 hol i kulene og fått tredd dei på ei snor. Kjempegreier, tenkte Astri og smilte stolt med eit bra resultat. Men så skulle ho sette lysa oppi, og lysa velta og kulene låg ikkje i ro. C.R.A.P. Estetisk fin? Ja. Brannfarleg? Ja. FAILURE!
Så no må eg finne ut ein lur måte å få trekulene til å ligge i ro på.. Dersom det tek like lang tid å fikse som det tok å starte på dette miniprosjektet, så blir den nok ferdig til sommaren tenkjer eg!;)

No er søndagen over og eg er stappmett av ost og kjeks. Helga har vore litt usosial, så neste helg må det brake laust litt!! Det er igrunnen heilt OK at det er måndag i morgon merkar eg! Å, for ei fin kjensle det er!



I eit anna lys

Vi ser meir og meir av lyset ute no, og det gjer godt for ein mørkelagt skrott som hungrar etter D-vitamin. Neida, eg skal ikkje klage, for veret her på Sunnmøre i vinter har vore upåklageleg. Sånn reint nedbør- og vindmessig;) Det er ein heilt anna ting å ta bilete når rommet er fyllt av naturleg dagslys. Måtte berre ta bilete av soverommet på nytt med betre lys. Eg sov som ei dronning her vertfall :D
Ha ein fin søndag!





lørdag 8. mars 2014

hadde det vore ein gong...

Eg hadde planar om å bidra på NIB sin konkurranse denne gongen, konkurransen om det finaste soverommet! Men saken var den at eg ikkje har hatt eit skikkeleg soverom - før i dag. Eg har hatt ein plan om soverommet mitt i hovudet lenge, men har ikkje teke meg tid eller råd til å lage det til. Men i dag då veit du. I dag skulle eg ha tid. Eg humpa meg avgårde til byen for å handle litt, blant anna eit nattbord. Men så var saka den at det nattbordet eg likte best var så simpelt at eg kunne like gjerne ta ein DIY på det. Ergo kjøpte eg ei hobbyplate istadenfor eit nattbord. Sjølvsagt vart det ikkje i nærleiken like lekkert som nattbordet på bohus. Men det skal nok gjere sin teneste. Ja, eg har nemleg snikra og saka (for hand!) nattbordet mitt i dag. Og beisa det. Då eg kom heim frå byen byrja eg å style litt, og voila fekk eg eit soverom eg verkeleg likte. Bileta av soverommet vart tekne, men eg hadde ikkje tid til å blogge før no. 2 minutt over 22. Og guess what, konkurransen gjekk ut klokka 22.00. Og her sit eg og småhulkar med eit knallfint soverom, men utan moglegheit til å delta i konkurransen på NIB. Jaja, ein frist er ein frist. Sånn er det. Eg får heller pay attention til tidsfristen neste gong. 
Jaja..