torsdag 27. februar 2014

trehylle og isolasjonstape

Det som er kjekt med å jobbe i taxfreen, er at det dukkar opp nokre fine vinar i endå finare kasser! Eg har utsett å lage dei første hola i gangveggen min, men no - no var det på tide å slå til. Eg reknar med at naboen tykkjer det er heilt OK at eg slår i nokre spikarar klokka 22.30 om kvelden. For gode idear - og tiltakslysta kjem sjølvsagt seint om kvelden. Sånn er det berre. Eg isolasjonstape til å tape hjortehovudet på veggen, det funka heilt fint. Med tida skal det kome ein rund spegel over kommoden, men den har dei ikkje sendt til produksjon endå. Vertfall ikkje akkurat den eg vil ha. Eller jo, men det er jo HAY sitt, og heyhey, eg har ikkje lommebok til det. Så vi får vente til billigkjedene skal stjele ideen til HAY og produsere sine copykattar.
Ynskjer deg ein finfin kveld!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar