søndag 16. februar 2014

God søndag!

Her nytast vinterferien med lange kaffisupar og OL på TV. Dagane skal brukast til å studere hardt (må berre finne mattebøkene mine i flyttelasset...!). Kanskje klarer eg å finne den perfekte trillrunde spegelen til å henge over kommoden i gangen, nokre byturar må til vertfall:) Elles har eg jo alltids litt arbeid i arbeidsveska mi, litt retting og dokumentering som eg ikkje gjorde på fredag fordi eg hasta meg ut i vinterferie... Ja, no kan eg angre på at eg ikkje brukte fredagsettermiddagen på jobb.. 
No må eg berre krysse fingrane for at mattebøkene dukkar opp, fordi eksamenen er om 3 mnd og eg treng alle fridagar eg har til studering. Åh, som eg gler meg til sommar ;D


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar