torsdag 27. februar 2014

trehylle og isolasjonstape

Det som er kjekt med å jobbe i taxfreen, er at det dukkar opp nokre fine vinar i endå finare kasser! Eg har utsett å lage dei første hola i gangveggen min, men no - no var det på tide å slå til. Eg reknar med at naboen tykkjer det er heilt OK at eg slår i nokre spikarar klokka 22.30 om kvelden. For gode idear - og tiltakslysta kjem sjølvsagt seint om kvelden. Sånn er det berre. Eg isolasjonstape til å tape hjortehovudet på veggen, det funka heilt fint. Med tida skal det kome ein rund spegel over kommoden, men den har dei ikkje sendt til produksjon endå. Vertfall ikkje akkurat den eg vil ha. Eller jo, men det er jo HAY sitt, og heyhey, eg har ikkje lommebok til det. Så vi får vente til billigkjedene skal stjele ideen til HAY og produsere sine copykattar.
Ynskjer deg ein finfin kveld!


fredag 21. februar 2014

Det seiast at kobber er i vinden, det er jo heilt OK, eg likar kobbar! Men jommen er ikkje messing litt i vinden også, vertfall den lokale vinden, altså i mitt hovud... Eg fann ein fin og massiv lampefot på bruktsjappa her ein dag, første tanken som slo meg var å spraye den *wait for it* kobber. 
Men ja, eg likte godt den messingfargen også eg.. Så den får vere slik som den er inntil vidare:)
Eit realt bruktkupp! 
Plakatane på veggen har eg berre knabba på verdsveven og printa ut. 


søndag 16. februar 2014

God søndag!

Her nytast vinterferien med lange kaffisupar og OL på TV. Dagane skal brukast til å studere hardt (må berre finne mattebøkene mine i flyttelasset...!). Kanskje klarer eg å finne den perfekte trillrunde spegelen til å henge over kommoden i gangen, nokre byturar må til vertfall:) Elles har eg jo alltids litt arbeid i arbeidsveska mi, litt retting og dokumentering som eg ikkje gjorde på fredag fordi eg hasta meg ut i vinterferie... Ja, no kan eg angre på at eg ikkje brukte fredagsettermiddagen på jobb.. 
No må eg berre krysse fingrane for at mattebøkene dukkar opp, fordi eksamenen er om 3 mnd og eg treng alle fridagar eg har til studering. Åh, som eg gler meg til sommar ;D


lørdag 8. februar 2014

GOD HELG

Eit lite knips frå stua. Her er dagen fullbooka, må berre sitje ned litt for å lade opp - framfor TV-skjermen.. 
Hurra for Marit Bjørgen!