mandag 27. januar 2014

DIY-sengegavl

Eg har brukt litt tid på å fundere på kva slags sengegavl eg skal ha, for gavl må til. Gavl er i vinden. Og sjølv om eg verkeleg prøver å ikkje slenge meg på trender, så har ideen om ein sengegavl berre sett seg i hovudet mitt. Valet har stått mellom ein polstra gavl eller ein plankegavl å´la naustveggen til bestefar. Eg kom fram til at eg kan først ha ein plankegavl sidan det kostar 0 kr og tek 1 time å lage. Det passar bra akkurat no, sidan lommeboka er tom. Den polstra er litt meir hovudbry og den krevjer litt meir materiale. Så kanskje det blir eit prosjekt til sommaren..


Trass skeivheiter og eit veldig røft uttrykk, er eg nøgd med gavlen min. Den gjer såå mykje for rommet!  Rommet er endå litt for sterilt og kjedleg, men eg må bo meg litt til før eg klarer å gjere noko meir.. Det trengst noko på veggen, samt symmetri rundt senga (treng to nattbord) og eit teppe vil gjere gjer susen. Og mykje stæsj til senga, av type Hallvor Bakke stil. Sengeteppe, saudeskinn, 1000 puter.. Ahh, gi meg litt tid berre, så blir dette så lekkert så lekkert :D




mandag 13. januar 2014

DIY: enkel sprutsone

Allereie etter 2 veker merka tapeten bak steikesona at den har med en rotete og sølete kokk å gjere. Så med nokre enkle plankar, skakke og skeive og stygge, 10 ulike skruar og sprekker i fjølene på grunn av skruane, kom denne sprutsona til verda. Ikkje heilt utan komplikasjonar sidan eg har ti tusen tommeltottar, men med ein liten sjarmfaktor. På avstand er den fin og på bileta er den fin. Det er godt nok for meg;) kjekt å få litt liv på kjøkenet:)




onsdag 1. januar 2014

Eg - ein bloggar i 2014?

Eg og den store munnen min.. Seint seint seint om natta på nyttårsaften, var vi på det djupe plan og la store planar for året vi var i ferd med å tre inn i. Innimellom lovnadar om gull og grøne skogar (kor tid får vi snøv btw?) ploppa det ut av meg at eg skal vere superflink til å gå på fjellet! Ja, eg skal gå så mykje på fjellet at eg tilslutt kan droppe å gå, men jogge istadenfor. Og eg joggar vel ikkje. Det skjer ikkje. Men i dag våga eg ikkje anna enn å ta på meg joggesko og tok ein frisk GÅtur på det lille fjellet bak leiligheita mi. Eg surpa meg fram gjennom gjørme og myr og nådde toppen (ikkje så mykje drama, fjellet er jo superlite, men så har eg også ein superdårleg kondis..) Men no spora eg skikkeleg av her i skrivinga mi, for dette innlegget handlar ikkje om verken fjell eller kondis eller gull. Det handlar om at eg burde tørke støv av blogger-kontoen min og starte på ny med bloggen. No har livet roa seg desidert ned etter at eg byrja å betale på studielånet og flytta heim til Sunnmøre, så eg anar ikkje kva eg skal publisere liksåååm. Men sidan det er 1.januar og allting, dagen der vi sit med blanke ark og nyspissa blyantar og ein blank kalender og dette våset vi alle let oss fascinere av, så kan dette også vere dagen eg bles litt tryllestøv på SNURREVIPP-bloggen?..
HELLO 2014 - let´s start!