onsdag 10. september 2014

ny hylle

Kremmerhuset har fått inn så mykje fine haustvarer. All fornuft og shoppestopp måtte vike litt då eg såg denne hylla. Eg har lenge leita etter "eitt-eller-anna-hylle-materiell-som-kan-stå-på-kjøkenbenken" utan hell. Har tenkt endå lengre på desse fine stringhyllene, men akk, sunnmøringen i meg finn alle unnskuldningar til å ikkje kjøpe den. Men denne hylla er heilt ok og veldig godkjent etter sunnmøringens ånd. 

Det skal bli meg artig å style denne hylla til alle tider og anledningar. Det er lenge sidan det har dryppa noko på leiligheita mi no, so no var det på tide med litt nytt :) *prøver-å-gi-meg-sjølv-betre-samvit*

Ha ein fin dag alle!









lørdag 9. august 2014

My office

Heihei:) Vil slenge meg på NIB-konkurransen, sånn i siste liten - sjølvsagt. Å vise fram kontoret mitt går bra i desse dager, då her er litt ryddig (les:sommarferie). Vanlegvis bugner det over av rettebunker og andre hobbysyslar (eg har visst sommarfri frå hobbysylar også i år). Når sant skal seiast, så er ikkje kontoret mitt alltid på kontoret, men som regel ved kjøkkenbordet eller i soffaen. 

Det er litt sånn usymmetri og tilfeldigheiter som inspirerar meg i arbeidet, difor er stylinga som den er;) Eg elsker å kike ut av vinduet når eg arbeidar, der går eit og anna rådyr forbi i ny og ne.

Når det gjeld sånne tekniske duppedingsar som eg ikkje heilt kva heiter, så heng dei på veggen på boda. 100 % skjult.

GOD HELG!






fredag 8. august 2014

vi tek ikkje tida på helga..

Å, det er så herleg med fredagsettermiddagen, og du veit at du har heile kvelden,  morgondagen og søndagen fri før alvoret brakar laust på måndag! Her skal det berre nytast, slappast av og sosialiserast. Radioen dunkar i bakgrunnen, klesvask nr.1 er straks ferdig, huset er rydda og kofferten er blitt pakka ut. Ha ei fin helg!




Timeglaset diggar eg. Trur det er frå Bloomingville.



torsdag 7. august 2014

Reiseblogg: GDANSK

Eg googla meg grøn etter reisetips før eg dro til Gdansk, det er mykje bra å finne der ute. Men eg skal no prøve meg på ei ganske utfyllande skildring, sett frå ein småkritisk og gnien sunnmøring. På denne turen reiste eg åleine, så turen fekk ein del begrensingar på grunn av det. Hadde vi vore to eller fleire hadde nok skildringa fått ein litt anna vinkel:)






Eg booka eit aldeles nydeleg hotell sentralt i Sopot. Eg hadde store ambisjonar om å slynge meg på beachen med stråhatt og paraply-pepsi-max (eller paraplydrinkar vil andre seie). Sopot ligg mellom Gdansk og Gdynia, og er ein av dei tre såkalla trippelbyane. Første dagen la eg meg på stranda og var stornøgd med den nydelege og ikkje minst reine og laaange stranda. Men eg fekk ikkje heilt til å slappe av på grunn av verdisakane eg hadde med meg, eg ville jo helst bade då. Sjølv om sjøen ikkje er like klar og fin som heime, så var den fristande og fin å bade i. Dette blei utfordring nr.1. Det er kjipt å vere på beachen åleine. Eg las bok og var landkrabbe. På stranda var det barar og utlån av solsenger og sånne fancy alkover (eller kva det heiter), servering av champagne og kva du måtte ynskje. Når du først er i Sopot må du sjølvsagt  vandre på den 500 meter lange piren, helst i solnedgang, knallfint! 








Eg sette av dag 2 til Gdansk sentrum. Magekjensla leia meg til gamlebyen, her var det loppemarknad gate opp og gate ned, mykje moro å sjå på. Mykje spanande mat og smakar. Og fine kafear. Eg er ein sånn person som likar å berre rusle rundt og kike og lukte og smake og måle pulsen på byen. Men etter eit par timar blir du liksom metta på meter på meter med gamal messing, vinyl og blondeduker. Så takk og pris kom eg meg ned til elvebreidda. Der var fint å rusle. Her var og mange fine restaurantar. Øh, nemnte eg at her var turistar også?.. Eg blei fortlat at kjøpesenteret Madison var verdt eit besøk. Eg tykte ikkje det. Dette var litt dårleg tykte eg. Superkritisk og med lavt blodsukker var eg ganske skuffa. Eg tok toget vidare til Galeria Baltycka. Eit stort kjøpesenter tre togstopp frå Gamlebyen. Dette var mykje betre. Eg var ikkje heilt overbevist, men dette skuldast sikkert lavt blodsukker og gnagesår kombinert med heiteslag frå vandring i gamlebyen i 31 grader (sorry, dette er uelegant, men det er røynda).. Men dette kjøpesenteret er verdt ein titt.


 




Eg kjende at eg var litt stressa dag 3, eg hadde ikkje fått shoppa noko endå, og det var berre 2 dagar igjen av turen. Eg var rett og slett litt skuffa over alt som var skrive om Gdansk og at det den heldt Londonstandard i shopping. Skal du shoppe som du shoppar i "vesten", så må du rett og slett på dei store kjøpesentra. Du finn ingen butikkar på gateplan. Og moten her er jo litt så som så, eg følte meg litt som ein slask der eg gjekk blant trippefine folk med høge hælar og flotte farger og korte og tilsetjande kjolar. Eg hadde fått åndenåd skulle eg gått med noko slikt i 31 grader, men så er jo eg ein kval. Når det er sagt, så er kleda litt mindre i storleik også. Men når all denne kritikken er servert, så må det nemnast at her var nokon veldig bra butikkjeder innimellom desse kjedlege vi er vande med her heime. For å nemne nokon: RESERVED, HOUSE, MOHITO og et eller anna kjede som heitte noko med ein g-nøkkel i logoen... Dritgode klesbutikkar med eit prisnivå rundt H & M. Vesker og sko? neeeh, ikkje overbevist. 



Men ja, tilbake til dag 3: Dette var dagen for OUTLETET!! Ta gjerne taxi, men aller helst buss, for det kostar berre 6 NOK ;) Eg hang meg på nokre svenskar som skulle same veg, så eg hadde flaks (slapp å orientere meg). Det gjekk ei busslinje frå togstasjonen i gamlebyen. Enkelt å finne fram. Outletet var bygd som ein liten landsby og var råstilig. Eg brukte mange timar her. Utvalet var overraskande stort! Sjølv om dei mest populære brandsa var litt for lite redusert i pris for ein sunnmøring (dette gjeldt spesielt sportsklede og litt større merker som Tommy Hilfiger bl.a). Fashion Outletet ligg like ved IKEA og Carrefoure, så det er fort gjort å stikke innom her i samme slengen. Carrefure er berre ein superstor supermarknad eigentleg, men eg diggar det! Her hamstra eg god TE, bakekakao, kokesjokolade og godteri. Lindt-sjokoladar og godteri er så dyre heime og på taxfree - faktisk, så denslags kjøper eg alltid på lokale/store supermarknader. Eit tips! 




Så var vi komen til dag 4. Eg burde tilbragt denne dagen på stranda, men eg var framleis ikkje heilt nøgd med shoppinginnsatsen. Så denne dagen blei brukt i by 3 av 3; Gdynia. Her er 2 store kjøpesenter som er verdt å få med seg. Det desidert største er Riviera City. ENORMT! sjukt stort og sjukt bra kjøpesenter. Klif er eit litt mindre kjøpesenter, men absolutt verdt å få med seg. Her er det ein del merkebutikkar av type "vi bruker ikkje prislapp på varene våre"-standard. Kvelden blei avslutta med eit nydeleg spa, som er billeg. Ikkje forlat Polen utan å ha vore innom eit SPA/massasje. AAah.



Oppsummert:
# Maten var billeg og svært bra. Du kan velje og vrake i restaurantar, mykje bra. Men eg var ikkje ute etter kulinariske munneksplosjonar på denne turen (kjip utfordring nr 2 med å reise åleine. Å vere einsam på restaurant er kjipt). Maten kostar sikkert 1/3 av maten her heime.. 

# Interiørbutikkar er så og seie ikkje-eksisterande. Litt "riviera-maison"-stil på 2 butikkar på Klif, du finn Zara- og H&M-home på Riviera City. Elles var der ein kjede som heitte Home for us, eller noko i den dur. Her gjekk det i litt utdatert kinesisk-teikn-interiør og litt sånn i den gata. 

# Kollektivtransport er enkelt å setja seg inn i. Toget går anten eine vegen til Gdansk eller andre vegen til Gdynia. Null stress. Kostar lite. Taxi kostar også lite, men kan lett bli dyrt i det store løp. 

# Sopot er ein turistby, og det kryr av skandinavarar der og ferierande aust-europearar. Sjuktsjukt mykje folk. Det er dyrt å bu der. Så om du er ute etter å shoppe, bør du booke deg eit hotel i Gdansk eigentleg, der var det mykje billegare å bu. Eg kasta vekk litt pengar på å bu på eit 5-stjernarshotell i Sopot, med tanke på kor lite eg brukte fasilitetane der (les:stranda). 

# Det er eigentleg nok med 3 dagar i Gdansk. 1 dag i gamlebyen (det er så vakkert der, eg er litt arkitektur- og historienerd, så dette var obligatorisk), 1 dag på outletet og 1 dag i Gdynia. Men med dette programmet rekker du ikkje badebyen Sopot. Anten eller eller ja, takk begge deler. Eg prøvde meg på ein Ole Brum; Ja, takk, begge deler. 

lørdag 2. august 2014

vannimunnen-bakkels

Etter andre forsøk naila eg vannbakkelsen i går. Eg fann ut at ein likegjerne kan lage porsjonskaker, for dei har kanskje større sjanse til å overleve frå synke-saman-døden?.. Vannbakkelsen blei fyllt med deilig krem med bringebær, jordbær og sjokolade. Eit lite dryss med melis over, og det er ei dronning verdig! Bestemor smilte då ho såg resultatet mitt - og då smilte eg også:) Oppskrifta er henta frå TV2-kokk-Wenche si oppskriftsbok.. Enkel og grei oppskrift.



Du skal få oppskrifta her:
2,5 dl vatn kokast opp og 1 ts salt og 125 gr smør skal smeltast i vatnet. Så tilset du 125 gr kveitemjøl - alt på ein gong. Rør kraftig ut alle klumpar, la panna stå på plata/varmen. I oppskrifta stod det at du skulle "svi" deiga litt på alle sider. Dette tykte eg var litt skummelt, så eg berre sa "no svir eg deiga litt på alle sider", og lot det bli med det. Eg prøvde litt altså. Etterpå har du deigklumpen over i ein bakebolle og tilset eit og eit egg, hugs å røre inn egget før du tilset det neste. Dette gjentek du 4 gongar (4 egg tilsaman). Også legg du deiga på steikeplata etter alle kunstens reglar. Steik den på 200 grader i minst 30 minutt. Eg er veldig glad i vannbakkels servert med bær, så bland gjerne litt bær oppi fløtekremmen før du serverar det til smilande og takksame gjestar.



fredag 1. august 2014

Kjøkenet mitt i dag

Late sommardager nærmar seg slutten, det er rart det, at det på ein måte er litt godt at kvardagen byrjar på att. Vekkarklokka ringer klokka sju og du karver deg ut av senga og zoombierusler inn på badet, medan du gler deg til fredag og helg. Ein evig runddans, men det er min runddans som eg sjølv har valgt. Og eg likar det. 


Eg har framleis ei veke att av ferien min, og den skal nytast til det fulle. I dag er det litt gode gjerningar som står på planen. I ovnen står mitt første forsøk på ein vannbakkels til farmor kjem på besøk i ettermiddag. Vannbakkels har ein tendens til å kollapse, men so far, so good:) Om ei lita stund skal eg på matlagingsdate med mormor, ho vil ha litt rådgjeving i pastasalatvegen, ho hadde ein draum om ein krema pastasalat med kylling og karri. Det må vel lat seg gjere? Har du ei god oppskrift på dressinga, så tek eg imot med eit smil og eit stort takk:)


Sånn elles har veret snudd litt om her på Sunnmøre, det er grått og trist. Overskya og regn, og kveldane er mørke. Temperaturen har gått bort frå trivselstemperaturen på rundt 19 grader og kryper ned mot 13 og 14 grader. Men vi treng vel å kjølast ned alle mann etter denne fantastiske versommaren. 

Mitt nye ingefærtre, måtte du få eit langt og velstelt liv!

Mi svært naudsynte kaffiavdeling....

No tok eg vannbakkelsen ut av ovnen og den fallt saman. Ugh. Sånnt som skjer når ein ikkje fylgjer med på tida og bloggar istaden. Då var det å finne på noko anna å servere.... 


Då var det påan igjen.....





onsdag 16. juli 2014

Litt nytt..

I går var eg på jentetur til Molde. Det var kjekt å få med seg folkelivet i gatene, trass det kjipe regnet. Vi kosa oss med god mat og kika i butikkar. Det vart lite handel (heldigvis), men det går ikkje an å gå tomhendt frå Søstrene Grene. Eg er jo så glad i sånne esker med lokk som du garantert fyller med skrot. Og slik står dei i 5 år før du kikar oppi dei og får deg ei lita overrasking. Eskene har eit grafisk mønster  og blir då eit element i den "nye" stilen min, som er litt meir grafisk og minimalistisk. Velvel, ein stil kjem ikkje akkurat over natten eller ved hjelp av to esker.. *eg ler* 
Sånn ser det ut i den eine kråa hjå meg.
Ha ein fin dag! 



torsdag 10. juli 2014

Today is a great day!

Heihei:) 
I dag ligg tåka tett her i havgapet, flya går i bane rundt øya før dei innser at dette nordvestsommerfenomenet tvinger dei tilbake til start. Late sommardager og ferie nytast max innimellom litt sommarjobbing. Bolledeiga er sett til heving, så her blir det snart herleg gjærbakst i hus. Når bestemødre skal på besøk må ein liksom trylle fram litt skikkeleg huskost, sånn er det med den saken:)

Mitt velbrukte og slite spisebord tilhøyrte oldemor og oldefar, eg er så heldig å få "låne" det inntil vidare. Det er så kjekt med snille folk som hjelper ein nybakt huseigar med litt møblar. 




onsdag 16. april 2014

Påskeferie:)

Eg har teke med meg stripetrenden inn i påska. I mangel på kahler-påskeegg på butikken, kjøpte eg eit heilt vanleg påskeegg og måla det kvitt med gule *waaaait for it* striper. Til no har påska vore grå og tung på verfronten, men satsar på at sola dukkar opp snart:)
Eg har vertfall funne fram litt gule solglimt i leiligheita, men det erstattar ikkje sola :)
Fin dag til deg <3




(egget var eigentleg litt kult før eg måla det óg....)


lørdag 5. april 2014

Laurdags-DIY

Etter ei lita surferunde fekk eg litt inspirasjon frå bloggen; kreaville. Guriland for ein lekker blogg, proppa av DIY og inspirasjon. Nokre sugerør og tråd var det som skulle til. Hadde eg hatt svarte sugerør i hus, så hadde eg berre latt den vere svart. Men eg hadde sugerør i alskens fargar, så eg bestemte meg for å finne fram kobbersprayen. Heile tingen var laga på 5 minutt, inkludert lakkinga. Moro! Mobilbilete har jo så som så kvalitet, det er nok på tide å koste støv av speilrefleksen min snart.. Åh, eg er så lat..