tirsdag 16. juli 2013

Bakedag

Når det regnar hundar og kattar ute, passar det fint å bake. I dag prøvde eg å bake kanelknutar istadenfor dei tradisjonelle svingane. Eg improviserte undervegs og fekk ein og anna bra knute innimellom ørten kjerringknutar... Men, smaken er vel lik same kva slags knute eg lagar:)

 Det enkle er ofte det beste. Bruk miksaren.

 La deiga heve omtrent ein time.

 Ha kanel/sukker på 2/3 av leiva.

 Brett leiva slik at det blir 3 lag. Skjer opp i strimlar.

Snurr strimlane og improviser til ein "looking good-knute" ;)

fredag 28. juni 2013

Leilighetsprosjekt

Det var her ein dag eg seriøst kom over ei OK leilighet. Eg bydde litt på den, men la prosjektet litt dødt, eg bydde på ei anna leilighet og den selgaren kom med ei endå betre leilighet som kosta pittelitt meir pengar (eit tal med 5 nullar er kanskje ikkje pittelitt da, men).. Eg berre slo til. Dette var nemleg den einaste leiligheita i området som hadde utsikt (i 2 av 4 vindauge....),  den var i toppetasjen (2.etasje) og den hadde balkong. Eg berre: eg tek den! Mitt største impulskjøp nokongong! Heilt sjukt. I løpet av mine 3 veker som "huseigar" har tankane gått til kjøkenløysningar, bad, kvitevarer og så vidare. Eg har vore innom byggeplassen ein gong eller to i veka, eg er kanskje litt veeel nysgjerrig på mitt lille krypinn som blir ferdig i november.. Men her kan de sjå utviklinga dei siste tre vekene:








No har dei byrja å legge bordkledning.

tirsdag 25. juni 2013

aaatsjoo!!

Dette var jammen ein nedstøva blogg! Det har skjedd så mykje omkring denne frøkna at eg ikkje har hatt tid til å stoppe opp og lukte på blomane og myst mot sola som har vore ikkje-eksisterande i vår. OK, så er det lite truleg at eg luktar på blomane i det heile teke, for då må eg som regel nyse..
Vel, no er det sommarferie etter eit første år ute i seriøst arbeid, og eg har tid til å setje meg ned og samle litt tankar og skrible på bloggen min. NOT. Trur de ikkje at eg har sommarjobb då? logikken liksom? Jau, eg kjøpte meg ganske så brått ei leiligheit som kostar sjukt mykje pengar. Og eg har ikkje sjukt mykje pengar, så no er eg inne i eit materialistisk kappløp som eg overhovudet ikkje såg kome for nokre månadar sidan. Men sånn er det. I tillegg til at eg må få adjunktgraden min i boks, dermed er eg nøydd til å studere matematikk i sommar for å få tatt ein eksamen i haust. Kvile sa du? Nei, då er eg redd for at eg segnar om. Og dette gnålet om å samle seg pensjonspoeng drit eg i akkurat no. Eller eg skal jo byrja å jobbe, så då ordnar det seg sikkert til også.. Uansett...

Men nok om mitt småpatetisk travle einsame liv og over til det eg tenkte bloggen skulle handle om framover. Leiligheita mi blir ferdig i november og eg skal sjølvsagt skape eit palass utan ei einaste krone, for eg har ikkje fleire kroner. Alle kronene mine har gått til tapet på stua og eit dass som ikkje henger på veggen. Så 90-tals tenkjer du? Då tenkte du ganske så rett. Men eg skal nok klare å bite i meg at dassen står på mitt eige flislagde badegulv med varmekablar, så lenge det er mitt. *hjartehjartesukkersmilefjes*

Det er mogleg denne kvardagslege anti-rosabloggen beveger seg i retning interiørblogg. Så no er du herved advart! Og den blir nok proppa med copy-paste bilete frå allslags googletreff eg finn når eg googlar setningar som: "hvordan bygge lettvegg på bad" "pris på lettvegg" "kan vaskemaskin flyttast til bod utan å gjøre den til våtrom?" "hvitvarepakke til gunstig pris" "faresignal om at konkursen er nær..."
Merk at eg alltid googlar på bokmål.. Finn ingenting på nynorsk gitt.

my house in my street ;D

lørdag 16. mars 2013

påskeverkstad

med barndommsminner. Bestemor hadde eit titals nøster med gul tråd frå eit anna årtusen som ho fann under ei ryddeøkt. Barnebarn blei samla og tråden blei snurra og snurra og snurra..