onsdag 4. juli 2012

TIL NO..

eller som dei seier på spansk; hasta ahora. Med spansken min går det trått, det er ikkje til å leggje under ein stol, og verken brassane eller dei arge tinarane tek seg bryet med å lære seg engelsk. Ergo er vi like langt. Eg har pugga ei frase som eg vil seie er min mest brukte: Uno espresso con leche. Ein stk espresso med mjølk. Ein kjem langt med dette, det er eg eit levande bevis på. Eg har kome meg frå Rio til Iguazu og er faretruande nærme Buenos akkurat no.


Dei glade og varme dagane i Brasil er no over, og Veronica har no teke over rolla som språkleiar - der Kristine og Martin bidrog sterkt med portugisisk i Brasil. Eg strever framleis med å pugge talrekkja og nokre små spanske fraser til vi skal vitja barneheimen i Buenos Aires.. Dagane er framleis varme og glade sjølv om vi ikkje er i Brasil, men i teorien har vi dratt til vinterland, så her skal det vere litt kaldare enn det her er. Men vi har jo tydleligvis sommar endå - vertfall i våre auge. Alt over 18 grader er varmt ;)




I dagtidleg (klokka 06.00) ankom vi Iguazu i Argentina etter 16 timar i ein stappfull buss frå Sao Paulo. Våre medpassasjerar var av ymse slag, for å ikkje henge ut tyskarar eller romfrekke brasser skal eg la det ligge. Det har blitt ein del bussing og køyring dei siste dagane, men så mykje trakking vi har gjort innimellom trur eg det går opp i opp. Sjølv om at det går med ein del potetgull og cola for å motverke kvalme/bilsjuke - men det er jo medisin? Køyringa består av biling i bilen til Martin frå Rio til ein by lengre sør (3 timar i tjukk trafikk), bussing til Sao Paulo (8 timar), bussing til Iguazu (16 timar), bussing til Pasadas (5 timar) og bussing til Buenos Aires (15 timar).




Her i Iguazu har vi forresten sett på fossar. Store fossar. Sånn Niagara Falls standard på fossar liksom. Heilt fantastisk, sjølv om vi var knalltrøytte etter bussturen. Ellers åt eg min første argentinske biff i dag. Eg klarte ikkje å ete halvparten av kjøtstykket eingong og måtte få med meg ein doggybag. Åja, det skal bli meg litt eting desse dagane vi skal vere her i Argentina. Akkurat no skulle eg ynskje eg var lavkarboentusiast, og gafle i meg animalske proteiner av ypperste kvalitet. Men eg får heller prøve å beherske meg...

I morgon bussar vi sørover til Pasadas, hotell er booka og planane er klare; harrytur og grensehandel i Paraguay. Elles blir det berre avslapping og boklesing på koselege kafear. Vi treng litt powerbreaka i eit ellers travelt opplegg. Dei lengste bussturane er nokre knekkar, men den verste er over:)






Ellers har alt gått veldig bra på turen hittil. Ingen har vore dårlege eller sure eller sjuke og vi er stort sett einige om kva vi skal gjere og kor vi skal dra. Ting blir jo planlagt litt etterkvart på denne turen. Men no er den siste hotellbookinga og bussbillettane kjøpt. I Buenos har vi allereie planane klare. Så no er det berre fryd og glede dei siste 10 dagane våre her i Sør-Amerika :)

(Alle bileta som er brukt i innlegget er Natalie sine - takk til du)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar