mandag 9. juli 2012

Etter 2 veker..

..har det samla seg opp ein haug med skitne klede. Då passa det meeeget godt å vere hjå vertsfamilia til Hilde i Buenos Aires, fordi her er det både straum og vatn, vaskemaskin og bøtter. Trusene må vi faktisk vaske for hand fordi dei set seg fast i vaskemaskina(!) jauda. Eg skjønar ingenting, men sånn er det her. Men så lenge vi får vaska nokre av kleda i maskin er vi evig takksamde!




 Laboca er ein fargerik bydel av Buenos, her var sjukt mange turistar..

 Vi ankom Buenos med buss på søndag. Denne bussturen frå Posadas skulle ta 15 timar, men vi blei sitjande i bussen 7 timar lengre - altså tok turen 22 timar. Dei 7 ekstra timane blei eit meget langt stopp. Det blei gjort eit stort beslag på bussen vår under ei kontrollering, og med eit tungvint og lite effektivt system, måtte vi berre å setje av dagen til denne hendinga. 5 minutt blir lett til ein halvtime, 1 time blir lett til 3 timar osv. Alle skulle dokumenterast med både personalia (skrive for hand) og bilete frå 3 vinklar. Jauda, der stod vi, tre trøytte dotrengde norske jenter ute i ingenmannsland. Det var med stort mot vi spurde tollarane om å få låne toalettet deira for bussdoen var...æsj. Sånn er det heldigvis, men kanskje litt uheldigvis også det å vere Kari Nordmann. Vi har visst litt privilegier. Sjå gjennom bagasjen vår? neida, det heldt å lukte litt på sekken sidan vi var frå Noreg.. Det var godt å vere norsk, ja, eg var ekstremt glad der og då, men det svir litt også - det å bli spesialbehandla.. Du hever deg liksom litt over andre, eller det som er verre eigentleg, dei hever deg over sine eigne - på ein måte.  Men uansett, skurken blei fakka og vi kom oss fram til Buenos -  trøytte og dotrengde! Dette med do er alltid like fascinerande når ein er på tur, det er alltid eit tema på ein eller anna måte..




Her i Buenos er det veldig kaldt, ikkje kaldt som i ein dårleg norsk sommar, men kaldt som i tidleg vinterkaldt. Eg har bomma litt på pakkinga og fokusert litt for mykje på varmen i Brasil (takk og pris for at vi har hatt varme i 2 av 3 veker og ikkje omvendt!). Så denne veka må vi ha langbukser og varme gensarar, jakke og sjald og ullundertøy som ligg att heime:( Må seie at det svir litt i hjartet kvar gong vi går forbi ein stakar som ligg på nokre aviser på gata i denne kulda, og det er ikkje akkurat få av dei heller..

Vi er som sagt innlosjerte hjå Hilde, og her er det kjempekoseleg! Stort hus med mange små trapper og annleis rominndeling/platå enn det vi er vande med heime. I hagen er det sitrontre, skilpadder, hund og katt, oliven og urter! Tenk å plukke oliven frå eige tre og berre...maule dei! Vi er litt usikre på kor lenge vi skal bu her, for vi skal bu nokre dagar på barneheimen. Vi var på vitjing der i dag forresten, og det var utruleg kjekt! Dei herlegaste ungane, og dei skjønnaste!! Som eg skulle ynskje at eg kunne språket!!  Eg er jo heilt håplaus og kan ikkje gjere anna enn å smile, gestikulere og lage lydeffekter. Får prøve å ta eit intensivt språkkurs med Veronica i morgon!

Until next blog, hasta la vista - eller noko i den dur...




1 kommentar:

  1. Hei søste :) ka kjekt dåkke he det...;) en væl fortjent ferie..
    Her heime e alt bra, men gler oss veldig til du kjøme heim ;)
    Kos dåkke videre;) stoor klem

    SvarSlett