søndag 15. juli 2012

EIN DAG I BUENOS

Klokka er 9.30 og eg stablar meg ned trappa for å ete frukost. Eigentleg burde klokka vere 8.30 fordi dette skulle vere ein supereffektiv og få-mest-mogleg-ut-av-dagen-dag, men som alle andre dagar rann denne planen ut i sanden. Flinke Hilde er litt meir morgonfugl enn oss andre og har diska opp med god frukost i dag og mange andre dagar! Framfor denne trappa bruka det forresten å stå ein stol for at oss ikkje skal bevege oss inn i alarm-området om natta. Heldigvis har eg ikkje gått i søvne på denne turen, så ingen alarm er utløyst endå.

Etter å ha kome ned trappa gjeld det å navigere seg mellom alle speila i stua. Her i huset er det nemleg speil overalt, i dørene, på veggen og på ein anna vegg. Litt forvirrande eigentleg, men for all del, praktisk. Du veit vertfall korleis du ser ut når du går ut døra!.. Og du går ikkje på døra fordi glaset er så blankt.. Men du kvekker av og får litt panikk når du ser eit rom som er makan det som du nettopp gjekk gjennom og som du ikkje kan gå vidare inn i. Forvirra? ja, det var eg dei første 3 dagane.


Til frukost drikk vi som regel kaffi som er laga på. Ja, eg veit ærleg talt ikkje kva den kaffien er laga av. Det verken smakar eller luktar kaffi, og det sårar ein kaffielskar langt langt og djupare enn atlanterhavet inn i sjela. Dette gjeldt forsåvidt i det argaste kaffilandet Brasil også. Verken den heimetrakta eller den vi får servert på restaurantar smakar godt. Det må i beste fall vere ein espresso som kan minne litt om kaffi, men det er jo litt veeel kraftig skyts.. Eg og Veronica har diskutert og analysert dette problemet under heile opphaldet, og er komne fram til at vatnet kan vere ei årsak - men også eksportpolitikken. Jepp, her er vi nemleg djupare enn djupast og har kome fram til at 1.sorteringskaffien går til Europa medan landets eigne må klare seg med 3. eller 4.sorteringskaffi. Det provoserar oss litt dette med skeiv fordeling, men det er visst berre vi to som klagar over kaffien her. Samtlege innfødde drikk den med 3 pakkar sukker, fløte og vatn (dei vatner den ut). Og når eg er inne på sukkar. Fy og fy kor mykje sukker som er i sving her. Ikkje rart at folk er tannlause. Når eg får servert ein liten espresso legg eg elegant att sukkerpakkane for å vise at dette ikkje er naudsynt. Men eg får sikkert ikkje fram poenget mitt, dei tykkjer sikkert berre at eg er like rar som det eg tykkjer dei er!


 I følgje mine små observasjonar av frukostvaner her til lands, er dei så langt frå mine eigne som du kan få det. Det går som regel i ein kaffi beståande av vatn, mjølk, kaffi og sukker i riktig rekkeflølgje sånn innhaldsmessig sett i koppen. Kanskje har dei knust ei riskake eller ein kjeks i kaffien (hei u-båt), eller så et dei ei rista loffskive, kroassant eller kjeks til. Eg undrar meg litt over korleis dei klarer å halde fordøyelsessystemet i sving på denne måten, og knaskar rein fiberfrukostblanding som ser ut som, og smakar som kattemat, med glede, berre for å få i meg noko grovt. Vertsfamilia til Hilde undrar seg forresten over korleis vi klarer å ete så mykje som vi gjer til frukost. Vi har tydlegvis det argaste etegildet kvar morgon. Dei blir nesten dårleg av å sjå alt vi et. Egg er ikkje vanleg å ete til frukost. Dei himlar like mykje med augo når dei får vite at vi eter som regel brødskiver til lunsj og kveldsmat, og i tillegg eter middag klokka 16.00. Her er det heilt normalt å ete middag klokka freaking 22.00 på ein kvardag, og gå til sengs som ei stappa pølse. Eg hadde omkome skulle eg levd sånn her trur eg. Eg et kveldsmat FØR dei et middag faktisk.

 Rista grovt spesialbrød kjøpt på eit tysk bakeri til frukost.


Etter frukosten tråla vi byen. Vi såg presienthuset som forsåvidt er rosa, om dette er fordi presidenten er ei dame veit eg ikkje. 


Vi kjøpte brende mandlar på gata fordi vi følte oss som innfødde og tok sjansen på at magen vår tålte like mykje som Buenosane sin. Det lukta og smaka veldig godt vertfall og hittil har alt gått bra, sånn magemessig vertfall. 


Også blei Veronica veldig kald på ørene, føtene og hendene og kjøpte seg ei hue for å bli litt varmare. Mest sannsynleg er  denne hua det beste kjøpet hittil i Buenos. Det som er bra med denne byen er at alt du treng her og no her tilgjengeleg rundt neste hjørne uansett om det gjeld klede eller markeringstusjer. På undergrunnen til dømes, inni vognene, kryr det av høgttalande sjokolade/kjøkkenkniv/hårstrikk/klistremerke-selgjarar. Og det er ikkje vits i å irritere seg, sånn er det på ALLE undergrunnslinjene her. Og øreproppar på mp3-en? ja, men kvifor ikkje plugge dei ut slik at heile vogna kan høyre på den same musikken som du? Dunk-dunk lydane frå ungdommane på bussane heime er ingenting i forhold til her. Vil du høyre musikk, kan du berre skru på musikkspelaren din på full guffe, det er heilt normalt. Er du ekstra heldig er det nokon som selgjer CD-ar på subben og serverar smakebitar frå CD-en på store boombastarar. Eg undrar meg om folk kjøper CD-ar for å få dei til å skru av musikken. Kanskje det er det som er baktanken? Eg turde ikkje å prøve vertfall. Men alt i alt er dette eigentleg berre sjarmerande på ein uvant, merkleg, irriterande måte, men OK, sånn er det her.

 Litt demontrasjonar og protestar er ikkje uvanleg her i gatene. 

 Eit betre bilete av det rosa presidenthuset.

Ei kul bru.

 Vi åt lunsj på eit gamalt museum. Koseleg og spesiell plass med lang ventetid for å kome inn.



Evitamonument. Noko politisk greier trur eg.


 Eit anna monument. Også politisk trur eg, men på den andre sida enn Evitamonumentet. Trur dette er høgresida og Evita er venstresida. Mannen til Evita var visstnok noko politisk på den venstre sida sånn eg hugsar det. Gidd ikkje å google det. 


Denne dagen i Buenos blei avslutta med ein kongemiddag av høgste rang av eit kjøtkalas. Det gjekk i kjøt, kjøt og kjøt utan sos, her brukar ein nemleg ikkje sos. Dei ristar på hovudet når du spør etter sos. Du spør enkelt og greit ikkje etter sos i Argentina.

1 kommentar:

  1. haha.. ej sende kommentaren du skreiv te mej tebake te dej! :p

    SvarSlett