torsdag 12. juli 2012

Den store ø-en.

Eller paradisets øy. Eg kan med handa på hjartet seia at denne øya er den vakraste og mest idylliske staden eg har vore på i mitt liv. Øya ligg ein 2 timars køyretur sørover frå Rio og du er nøydd til å ta ferje for å kome dit. Den ferga går berre 2 gongar om dagen. Det er ingen bilar på øya, einaste bilen vi såg var 4-hjularen til sheriffen. I sentrum krydde det av spanande restaurantar og souvenirsjapper (ok, so er kanskje dette ein turistmagnet - but still, ei lita perle;) og du måtte anten gå til fots eller leige ein båt for å kome deg til den andre sida på øya. Vi hadde privatsjåfør heile helga, det kosta oss litt, men var så verdt det! Den kulaste fyren som viste oss det som var verdt å sjå, vi var på sjøen heile dagen og hadde nokre badestopp, der vi fekk sole oss, hoppe i sjøen, gå på jungeltur og plukke appelsiner eller berre ligge på stranda nokre timar medan sjåføren venta (det han eigentleg gjorde var å drikke kaffi hjå bekjente på alle stoppeplassane, blei ein del kaffi på den fyren den helga ja!) Også var det å ete god mat innimellom livsnytinga - som om å nyte livet ikkje allereie var nok liksom. For eit liv. Trur eg vil kalle denne helga for "Livets 2 dagar i Paradis - resten av livet må eg leve på grønnsakssuppe og knekkebrød, men det vil vere verdt det;)".







2 kommentarer:

  1. Ej sei de berre, dit vil ej me ;) kjempe flotte plass :)
    Men no gler oss oss til du kjøme heim :)
    Velkommen skal du vere :)
    Sonia

    SvarSlett
  2. ja, dit må dokke fare!! ej gler mej til å sjå dokke igjen:) no skal ej ut og ejte biff!! jø og jø..

    SvarSlett