tirsdag 15. mai 2012

nedlagde plommer

Å hermetisere.
Eg vil kalle det ein kunst. Kanskje det er litt sjansespel. Det er mogleg å vere veldig uheldig å legge ned ei dårleg plomme som øydelegg "kulturen" i glaset og alle plommene blir dårlege. Eller du kan vere uheldig å søle litt slik at lokket ikkje sit 100% på og dermed kjem det luft og uvelkomne gjestar i glaset. Men dette skjer sjølvsagt ikkje dersom du beherskar kunsten, men sjølv meistarar kan fargeleggje utanfor streken ved eit uhell. No er ikkje eg noko meistar. I haust la eg ned mine første plommer og det ser ut som om at det gjekk bra. Eg har ikkje opna glaset før no, dvs 8 månadar etterpå. Ikkje kom det gass ut, plommene og laken smaka godt, og eg klarte å balansere på ei bein linje etter inntaket. Ergo var dei ikkje gjæra. GØY!
Eg håpar eg tykkjer sånnt er spanande og verdt å bruke verdifull tid på når eg blir vaksen, stor og gamal. Det er litt artig å ta vare på gamle skikkar. Ekstra kjekt er det om du har eit eige plommetre å hente plommer frå. Og godt er det også. Og kanskje litt stas å kunne servere nedlagde plommer frå eigen hage?
ååå, som eg gler meg til å bli gamal og grå med ein stor hage utanfor huset!




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar