mandag 14. mai 2012

BAKERY

Kven treng å kjøpe fancypancy cupcakes når du kan bake dei ilag med gode veninner? Det einaste som tek tid er faktisk steiketida. Og dersom du kjøper 1-2-3-cupcakes må du steike dei sjølv og det tek jo minst like lang tid. Eg slår herved eit slag for heimebaka fordi då kan du også kontrollere sukker- og smørmengda du har i røra. Vi reduserte med minst 100 gr sukker og cupcakes´a var framleis altfor søte. So ja. Ding dong. 
Dersom du har konditorfarge og strøssel er det endå kjekkare å bake. For her kan fantasien løpe løpsk. Vi tilsette også smakar som matcha fargane på frostingen. Blåbærsyltesaft for blå frosting. Sitrondråper i grøn frosting. Bringebærsyltesaft i raud frosting. 
Eit slag for heimebaka og eit slag for kreativitet.






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar