mandag 21. mai 2012

prosjekt:

Gå rundt alle øyane i Giske Kommune
Dei siste dagane har vi (BFF´s)  gått rundt Valderøya og i dag gjekk vi rundt Giske. På Giske ser ein mykje rart innimellom middelalderkyrkje og vikingar. Det er ein stad eg ikkje er so ofte, so er alltid like spanande å sjå om ein finn fram. Der er 1000 veger som fører til den same staden. Litt stress, men du skal alltids finne fram, du blir berre litt forvirra. hehe. Men det er ikkje lange vegen frå A til B som regel. Ein flott tur med vind i håret og verdensproblemer byrjar å nærme seg ei løysning. Vi er gode!



tirsdag 15. mai 2012

nedlagde plommer

Å hermetisere.
Eg vil kalle det ein kunst. Kanskje det er litt sjansespel. Det er mogleg å vere veldig uheldig å legge ned ei dårleg plomme som øydelegg "kulturen" i glaset og alle plommene blir dårlege. Eller du kan vere uheldig å søle litt slik at lokket ikkje sit 100% på og dermed kjem det luft og uvelkomne gjestar i glaset. Men dette skjer sjølvsagt ikkje dersom du beherskar kunsten, men sjølv meistarar kan fargeleggje utanfor streken ved eit uhell. No er ikkje eg noko meistar. I haust la eg ned mine første plommer og det ser ut som om at det gjekk bra. Eg har ikkje opna glaset før no, dvs 8 månadar etterpå. Ikkje kom det gass ut, plommene og laken smaka godt, og eg klarte å balansere på ei bein linje etter inntaket. Ergo var dei ikkje gjæra. GØY!
Eg håpar eg tykkjer sånnt er spanande og verdt å bruke verdifull tid på når eg blir vaksen, stor og gamal. Det er litt artig å ta vare på gamle skikkar. Ekstra kjekt er det om du har eit eige plommetre å hente plommer frå. Og godt er det også. Og kanskje litt stas å kunne servere nedlagde plommer frå eigen hage?
ååå, som eg gler meg til å bli gamal og grå med ein stor hage utanfor huset!




mandag 14. mai 2012

BAKERY

Kven treng å kjøpe fancypancy cupcakes når du kan bake dei ilag med gode veninner? Det einaste som tek tid er faktisk steiketida. Og dersom du kjøper 1-2-3-cupcakes må du steike dei sjølv og det tek jo minst like lang tid. Eg slår herved eit slag for heimebaka fordi då kan du også kontrollere sukker- og smørmengda du har i røra. Vi reduserte med minst 100 gr sukker og cupcakes´a var framleis altfor søte. So ja. Ding dong. 
Dersom du har konditorfarge og strøssel er det endå kjekkare å bake. For her kan fantasien løpe løpsk. Vi tilsette også smakar som matcha fargane på frostingen. Blåbærsyltesaft for blå frosting. Sitrondråper i grøn frosting. Bringebærsyltesaft i raud frosting. 
Eit slag for heimebaka og eit slag for kreativitet.






fredag 11. mai 2012

STADER EG LIKAR

NEW YORK

 LONDON

 ROMA

KENYA (huskar ikkje staden..)

 MADRID

 GØTEBORG

 MUNCHEN

 PARIS

KØBENHAVN