onsdag 18. april 2012

NYC: STREET

Ein kan ikkje unngå å la seg fascinere og imponere av New York. Å sjå kontrastar mellom blømande blomar i parken, grøne tre og dei store betongdoningane gjev inntrykk. Å lytte til totalt framande sine frittalande samtalar på mobilen - samtlege har faktisk mobilen mot øyra, du føler at du er midt i ein film når du høyrer dei klisje-aktige samtalane; "oh, darling - I love you - and you know it. I´m soo sorry, I´ll be home soooon". Også rett framfor deg praier ei fashionista av ei dame ein taxi og avslører dei raude solane på skorne sine idet ho set seg i bilen. Ok, CL-sko og Chanel veske. Heilt normalt. Gul taxi. Hneilt normalt. Begge deler ser du overalt! Rundt neste hjørne ser du politimannen med Donut og kaffi. Når det er sagt, 3 av 5 NewYorkarar på gata har ein Starbucks i handa, eller eit kaffibeger frå ein anna kaffibar. Eg tullar ikkje. Heilt sjukt. Det kjem røyk frå kommelokk, du kjenner det riste under føtene dine fordi subwayen raser under deg. Du høyrer "sorry""sorry""sorry" rundt deg, og lurer på kva dei er sorry for? Det var jo du som nesten gjekk på dei eller dulta borti nokon med veska di. Etter 4 dagar "excusa" du deg du óg for den minste ting. Du blir liksom litt påverka. Ser du ei eldre dame som slit med å få kofferten med seg ned trappa til subwayen, må du berre spør om ho treng hjelp. Det følast so naturleg - sjølv om du kanskje gjer det same heime då ;)












Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar