mandag 30. april 2012

eksamenskvardag....

Dette har vore ein ekstremt innhaldsrik dag! Eg har vore innom både Argentina, Brasil, Valderøya, Vigra og ein liten svippar innom Sør Afrika rakk eg óg. Eg har laga pizza til middag. Eg har køyrt ein tur med BorisBilen min. Eg har site på verandaen og fyllt på D-vitaminlageret. Eg har gått fram og tilbake mellom stua og soverommet mitt. Eg har laga spelelister. Eg har redigert bilete. Eg har vore ein ivrig borgar på facebook. Med andre ord. Eg har ikkje tid til å lese pensum. Du veit, setja rumpa ned på stolen, finne roa og konsentrasjonen og berre sluke pensum rått rett frå internett og få hjerna til å hugse dei raraste detaljar om måltidsskikkar og kosthald. Kjipe saker med nett-bok, du kan nemleg ikkje bruke guletusj på den. Dei gjer det kanskje i Sverige fordi dei brukar blanko på pc-skjermen óg har eg høyrt. Men eg er ikkje gira på å ha mange gule striper på MAC-skjermen min;) Ikkje hjelpte det å ta på seg ei knallraud bukse heller. Farger skal liksom gjere dagen meir glad. No skal ikkje eg seie at eg har hatt ein kjip dag. eg hatt ein ekstremt glad dag - eigentleg. Men det er no på kvelden eg ser at tilveringa blir meir kjip og grå. Antall sider lest er ikkje imponerande. Eg får ta i eit heftig tak no i kveld, og satse på at det blir likar i morrå!

 Kyllingburgar med ovnsbakte poteter til middag her ein dag. 


Det er EKSTREMSPORT å knipse bilete av seg sjølv slik at ein ser fargen på buksa...

søndag 29. april 2012

POLAROID

Noko som berre må nemnast i dag er at sola skin og at himmelen er skyfri og blå. Snøven som kom i går er i ferd med å smelte. På verandaen ser vi spor etter bakepulverbombene vi laga i går. I går var verandaen nemleg dekka av snøv, men det er den ikkje i dag...
Eg sjekka om bilen starta i stad og lot bilen gå ei lita stund medan eg høyrte på radio og hadde på meg solbriller. Eg veit ikkje kvifor eg råna i stillegåande modus, når eg kunna sett bilen i gir og køyrt ei rånerunde. haha. Enkelte ting kan berre ikkje forklarast. Kanskje fordi bensin er dyrt? Eg veit ikkje kvifor eg brukar å koke kaffi og gløyme å drikke den heller. 

 Verdas finaste kort som eg kjøpte i New York. Polaroidbiletekort.

 Polaroid er litt kult. Men sikkert altfor dyrt til at eg vil investere i eit kamera;)


lørdag 21. april 2012

Kjøpt i NY del 2

Rammer til den store gullmedalje. Kvifor? anar ikkje. Søstern sa at det var eit godt kjøp der borte, og eg berre: ok. Då kjøper eg rammer.
Kjøpte berre 4 stk altså. Tok ikkje heeeilt av. 

Også kjøpte eg ein Rubiks kube. Tenkte det var greitt å ha noko å bryne seg på på flyturen heim... Du ser korleis det gjekk?....



fredag 20. april 2012

Globe

Sjå kva eg kjøpte i NY! No er kanskje ikkje dette noko typisk ein bør kjøpe der borte, eller noko typisk NY. Men eg synast at den var so fin at eg berre måtte prioritere plass til den i kofferten. Det er jo ganske godt gjort at den kom heim i ein heilt bit? Vertfall når den reiste med 4 ulike fly i løpet av 15 timar. 


torsdag 19. april 2012

Fryd for ganen og for auget!

I desse bloggtider må folk vel vere vane med at enkelte knipsar bilete av dei raraste ting? slik som blomane utanfor ein blomebutikk? og gjennom vindauget på eit konditori? og av frukosten du fekk servert? 








onsdag 18. april 2012

NYC: STREET

Ein kan ikkje unngå å la seg fascinere og imponere av New York. Å sjå kontrastar mellom blømande blomar i parken, grøne tre og dei store betongdoningane gjev inntrykk. Å lytte til totalt framande sine frittalande samtalar på mobilen - samtlege har faktisk mobilen mot øyra, du føler at du er midt i ein film når du høyrer dei klisje-aktige samtalane; "oh, darling - I love you - and you know it. I´m soo sorry, I´ll be home soooon". Også rett framfor deg praier ei fashionista av ei dame ein taxi og avslører dei raude solane på skorne sine idet ho set seg i bilen. Ok, CL-sko og Chanel veske. Heilt normalt. Gul taxi. Hneilt normalt. Begge deler ser du overalt! Rundt neste hjørne ser du politimannen med Donut og kaffi. Når det er sagt, 3 av 5 NewYorkarar på gata har ein Starbucks i handa, eller eit kaffibeger frå ein anna kaffibar. Eg tullar ikkje. Heilt sjukt. Det kjem røyk frå kommelokk, du kjenner det riste under føtene dine fordi subwayen raser under deg. Du høyrer "sorry""sorry""sorry" rundt deg, og lurer på kva dei er sorry for? Det var jo du som nesten gjekk på dei eller dulta borti nokon med veska di. Etter 4 dagar "excusa" du deg du óg for den minste ting. Du blir liksom litt påverka. Ser du ei eldre dame som slit med å få kofferten med seg ned trappa til subwayen, må du berre spør om ho treng hjelp. Det følast so naturleg - sjølv om du kanskje gjer det same heime då ;)












fredag 13. april 2012

NYC: del 1

Dersom du er i New York og er ute etter noko anna enn berre tjas og mas og kø og folk og støy, er de nøydde til å ta turen til Greenwitch. Det uttalast forresten Greenitch.. Her ruslar du i litt roligare gater, her er nokre små skattebutikkar som eg kallar dei, også kan du kjøpe deg ein is og rusle forbi dei finaste inngangspartia under blomstrande tre - dersom det er vår. Her får du kjensla "her vil eg bu" - garantert! I tillegg finn du FRIENDS-bygget dersom du tykkjer det er interessant, også kan du kjøpe verdas finaste cupcakes hjå Magnolia bakery. Du veit, dei muffinsane jentene frå SATC eter i ei av episodane... I dette området er det ikkje so mange skyskraparar, so du kan risikere å bli solbrent dersom sola skin.






Velkomen