tirsdag 25. desember 2012

Ein travel haust er endeleg over og eg omfavner vinteren med snø og stjerneklare kvelder. Nye skøyter har eg også kjøpt, dog har eg ikkje våga meg ut på isen endå.
Kameraet er endeleg teke i bruk att, så då blir det anledning til eit aldri så lite blogginnlegg frå denne kanten. Ellers er det ikkje noko spanande som skjer rundt meg,  eg vil våge å påstå at eg lever eit A4-liv og eg held på å bli gal av å ikkje vite kva som skjer i 2013. Ellers er livet godt å leve innimellom litt overfladisk frustrasjon som ikkje betyr noko i den store samanheng.


Ynskjer deg ei fredfull jul med mykje kjærleik og glede <3






tirsdag 25. september 2012

sidan sist

HeiHei:)
Eg må berre orsake utruleg dårleg blogging i sommar og i haust. Fullstendig blokade. Dessutan er speilrefleksen hjå doktoren, så det blir ikkje teke nokon bilete heller. Den reperasjonen kostar forresten flesk, så ver veldig forsiktig med duppedingsane dykkar folkens. Men for å oppdatere dere litt, så bur eg framleis på loftet til bestemor og bestefar, eg gjekk rett frå å jobbe supermasse på flyplassen i sommar til å få jobb på ein ungdomsskule. Gullhår ja? Det har eg nok. Dette har overhovudet ikkje vore planlagt. INGENTING var planlagt dette året. Eg skulle nemleg leve det boheme livet; vere fattig, jobbe litt, reise litt, ta eit par eksamenar og leve livet og gifte meg og sånne viktige ting. Men so skar alt seg, gitt! Eg er ikkje fattig, eg er dritrik. Eg jobbar ikkje litt, eg jobbar dritmykje. Eg reiser ikkje i det heile teke. Eksamenane må vente til våren (søren ta). Nyte livet? kva er det? Mann? kor er dei?.......

Så kven veit, kanskje eg tek oppat tråden her inne når ting har stabilisert seg og eg har fått normal puls og hjarterytme. No har eg lyst til å berre.....sove.

Fred ut.

søndag 15. juli 2012

EIN DAG I BUENOS

Klokka er 9.30 og eg stablar meg ned trappa for å ete frukost. Eigentleg burde klokka vere 8.30 fordi dette skulle vere ein supereffektiv og få-mest-mogleg-ut-av-dagen-dag, men som alle andre dagar rann denne planen ut i sanden. Flinke Hilde er litt meir morgonfugl enn oss andre og har diska opp med god frukost i dag og mange andre dagar! Framfor denne trappa bruka det forresten å stå ein stol for at oss ikkje skal bevege oss inn i alarm-området om natta. Heldigvis har eg ikkje gått i søvne på denne turen, så ingen alarm er utløyst endå.

Etter å ha kome ned trappa gjeld det å navigere seg mellom alle speila i stua. Her i huset er det nemleg speil overalt, i dørene, på veggen og på ein anna vegg. Litt forvirrande eigentleg, men for all del, praktisk. Du veit vertfall korleis du ser ut når du går ut døra!.. Og du går ikkje på døra fordi glaset er så blankt.. Men du kvekker av og får litt panikk når du ser eit rom som er makan det som du nettopp gjekk gjennom og som du ikkje kan gå vidare inn i. Forvirra? ja, det var eg dei første 3 dagane.


Til frukost drikk vi som regel kaffi som er laga på. Ja, eg veit ærleg talt ikkje kva den kaffien er laga av. Det verken smakar eller luktar kaffi, og det sårar ein kaffielskar langt langt og djupare enn atlanterhavet inn i sjela. Dette gjeldt forsåvidt i det argaste kaffilandet Brasil også. Verken den heimetrakta eller den vi får servert på restaurantar smakar godt. Det må i beste fall vere ein espresso som kan minne litt om kaffi, men det er jo litt veeel kraftig skyts.. Eg og Veronica har diskutert og analysert dette problemet under heile opphaldet, og er komne fram til at vatnet kan vere ei årsak - men også eksportpolitikken. Jepp, her er vi nemleg djupare enn djupast og har kome fram til at 1.sorteringskaffien går til Europa medan landets eigne må klare seg med 3. eller 4.sorteringskaffi. Det provoserar oss litt dette med skeiv fordeling, men det er visst berre vi to som klagar over kaffien her. Samtlege innfødde drikk den med 3 pakkar sukker, fløte og vatn (dei vatner den ut). Og når eg er inne på sukkar. Fy og fy kor mykje sukker som er i sving her. Ikkje rart at folk er tannlause. Når eg får servert ein liten espresso legg eg elegant att sukkerpakkane for å vise at dette ikkje er naudsynt. Men eg får sikkert ikkje fram poenget mitt, dei tykkjer sikkert berre at eg er like rar som det eg tykkjer dei er!


 I følgje mine små observasjonar av frukostvaner her til lands, er dei så langt frå mine eigne som du kan få det. Det går som regel i ein kaffi beståande av vatn, mjølk, kaffi og sukker i riktig rekkeflølgje sånn innhaldsmessig sett i koppen. Kanskje har dei knust ei riskake eller ein kjeks i kaffien (hei u-båt), eller så et dei ei rista loffskive, kroassant eller kjeks til. Eg undrar meg litt over korleis dei klarer å halde fordøyelsessystemet i sving på denne måten, og knaskar rein fiberfrukostblanding som ser ut som, og smakar som kattemat, med glede, berre for å få i meg noko grovt. Vertsfamilia til Hilde undrar seg forresten over korleis vi klarer å ete så mykje som vi gjer til frukost. Vi har tydlegvis det argaste etegildet kvar morgon. Dei blir nesten dårleg av å sjå alt vi et. Egg er ikkje vanleg å ete til frukost. Dei himlar like mykje med augo når dei får vite at vi eter som regel brødskiver til lunsj og kveldsmat, og i tillegg eter middag klokka 16.00. Her er det heilt normalt å ete middag klokka freaking 22.00 på ein kvardag, og gå til sengs som ei stappa pølse. Eg hadde omkome skulle eg levd sånn her trur eg. Eg et kveldsmat FØR dei et middag faktisk.

 Rista grovt spesialbrød kjøpt på eit tysk bakeri til frukost.


Etter frukosten tråla vi byen. Vi såg presienthuset som forsåvidt er rosa, om dette er fordi presidenten er ei dame veit eg ikkje. 


Vi kjøpte brende mandlar på gata fordi vi følte oss som innfødde og tok sjansen på at magen vår tålte like mykje som Buenosane sin. Det lukta og smaka veldig godt vertfall og hittil har alt gått bra, sånn magemessig vertfall. 


Også blei Veronica veldig kald på ørene, føtene og hendene og kjøpte seg ei hue for å bli litt varmare. Mest sannsynleg er  denne hua det beste kjøpet hittil i Buenos. Det som er bra med denne byen er at alt du treng her og no her tilgjengeleg rundt neste hjørne uansett om det gjeld klede eller markeringstusjer. På undergrunnen til dømes, inni vognene, kryr det av høgttalande sjokolade/kjøkkenkniv/hårstrikk/klistremerke-selgjarar. Og det er ikkje vits i å irritere seg, sånn er det på ALLE undergrunnslinjene her. Og øreproppar på mp3-en? ja, men kvifor ikkje plugge dei ut slik at heile vogna kan høyre på den same musikken som du? Dunk-dunk lydane frå ungdommane på bussane heime er ingenting i forhold til her. Vil du høyre musikk, kan du berre skru på musikkspelaren din på full guffe, det er heilt normalt. Er du ekstra heldig er det nokon som selgjer CD-ar på subben og serverar smakebitar frå CD-en på store boombastarar. Eg undrar meg om folk kjøper CD-ar for å få dei til å skru av musikken. Kanskje det er det som er baktanken? Eg turde ikkje å prøve vertfall. Men alt i alt er dette eigentleg berre sjarmerande på ein uvant, merkleg, irriterande måte, men OK, sånn er det her.

 Litt demontrasjonar og protestar er ikkje uvanleg her i gatene. 

 Eit betre bilete av det rosa presidenthuset.

Ei kul bru.

 Vi åt lunsj på eit gamalt museum. Koseleg og spesiell plass med lang ventetid for å kome inn.



Evitamonument. Noko politisk greier trur eg.


 Eit anna monument. Også politisk trur eg, men på den andre sida enn Evitamonumentet. Trur dette er høgresida og Evita er venstresida. Mannen til Evita var visstnok noko politisk på den venstre sida sånn eg hugsar det. Gidd ikkje å google det. 


Denne dagen i Buenos blei avslutta med ein kongemiddag av høgste rang av eit kjøtkalas. Det gjekk i kjøt, kjøt og kjøt utan sos, her brukar ein nemleg ikkje sos. Dei ristar på hovudet når du spør etter sos. Du spør enkelt og greit ikkje etter sos i Argentina.

torsdag 12. juli 2012

Den store ø-en.

Eller paradisets øy. Eg kan med handa på hjartet seia at denne øya er den vakraste og mest idylliske staden eg har vore på i mitt liv. Øya ligg ein 2 timars køyretur sørover frå Rio og du er nøydd til å ta ferje for å kome dit. Den ferga går berre 2 gongar om dagen. Det er ingen bilar på øya, einaste bilen vi såg var 4-hjularen til sheriffen. I sentrum krydde det av spanande restaurantar og souvenirsjapper (ok, so er kanskje dette ein turistmagnet - but still, ei lita perle;) og du måtte anten gå til fots eller leige ein båt for å kome deg til den andre sida på øya. Vi hadde privatsjåfør heile helga, det kosta oss litt, men var så verdt det! Den kulaste fyren som viste oss det som var verdt å sjå, vi var på sjøen heile dagen og hadde nokre badestopp, der vi fekk sole oss, hoppe i sjøen, gå på jungeltur og plukke appelsiner eller berre ligge på stranda nokre timar medan sjåføren venta (det han eigentleg gjorde var å drikke kaffi hjå bekjente på alle stoppeplassane, blei ein del kaffi på den fyren den helga ja!) Også var det å ete god mat innimellom livsnytinga - som om å nyte livet ikkje allereie var nok liksom. For eit liv. Trur eg vil kalle denne helga for "Livets 2 dagar i Paradis - resten av livet må eg leve på grønnsakssuppe og knekkebrød, men det vil vere verdt det;)".







mandag 9. juli 2012

Etter 2 veker..

..har det samla seg opp ein haug med skitne klede. Då passa det meeeget godt å vere hjå vertsfamilia til Hilde i Buenos Aires, fordi her er det både straum og vatn, vaskemaskin og bøtter. Trusene må vi faktisk vaske for hand fordi dei set seg fast i vaskemaskina(!) jauda. Eg skjønar ingenting, men sånn er det her. Men så lenge vi får vaska nokre av kleda i maskin er vi evig takksamde!




 Laboca er ein fargerik bydel av Buenos, her var sjukt mange turistar..

 Vi ankom Buenos med buss på søndag. Denne bussturen frå Posadas skulle ta 15 timar, men vi blei sitjande i bussen 7 timar lengre - altså tok turen 22 timar. Dei 7 ekstra timane blei eit meget langt stopp. Det blei gjort eit stort beslag på bussen vår under ei kontrollering, og med eit tungvint og lite effektivt system, måtte vi berre å setje av dagen til denne hendinga. 5 minutt blir lett til ein halvtime, 1 time blir lett til 3 timar osv. Alle skulle dokumenterast med både personalia (skrive for hand) og bilete frå 3 vinklar. Jauda, der stod vi, tre trøytte dotrengde norske jenter ute i ingenmannsland. Det var med stort mot vi spurde tollarane om å få låne toalettet deira for bussdoen var...æsj. Sånn er det heldigvis, men kanskje litt uheldigvis også det å vere Kari Nordmann. Vi har visst litt privilegier. Sjå gjennom bagasjen vår? neida, det heldt å lukte litt på sekken sidan vi var frå Noreg.. Det var godt å vere norsk, ja, eg var ekstremt glad der og då, men det svir litt også - det å bli spesialbehandla.. Du hever deg liksom litt over andre, eller det som er verre eigentleg, dei hever deg over sine eigne - på ein måte.  Men uansett, skurken blei fakka og vi kom oss fram til Buenos -  trøytte og dotrengde! Dette med do er alltid like fascinerande når ein er på tur, det er alltid eit tema på ein eller anna måte..




Her i Buenos er det veldig kaldt, ikkje kaldt som i ein dårleg norsk sommar, men kaldt som i tidleg vinterkaldt. Eg har bomma litt på pakkinga og fokusert litt for mykje på varmen i Brasil (takk og pris for at vi har hatt varme i 2 av 3 veker og ikkje omvendt!). Så denne veka må vi ha langbukser og varme gensarar, jakke og sjald og ullundertøy som ligg att heime:( Må seie at det svir litt i hjartet kvar gong vi går forbi ein stakar som ligg på nokre aviser på gata i denne kulda, og det er ikkje akkurat få av dei heller..

Vi er som sagt innlosjerte hjå Hilde, og her er det kjempekoseleg! Stort hus med mange små trapper og annleis rominndeling/platå enn det vi er vande med heime. I hagen er det sitrontre, skilpadder, hund og katt, oliven og urter! Tenk å plukke oliven frå eige tre og berre...maule dei! Vi er litt usikre på kor lenge vi skal bu her, for vi skal bu nokre dagar på barneheimen. Vi var på vitjing der i dag forresten, og det var utruleg kjekt! Dei herlegaste ungane, og dei skjønnaste!! Som eg skulle ynskje at eg kunne språket!!  Eg er jo heilt håplaus og kan ikkje gjere anna enn å smile, gestikulere og lage lydeffekter. Får prøve å ta eit intensivt språkkurs med Veronica i morgon!

Until next blog, hasta la vista - eller noko i den dur...




onsdag 4. juli 2012

TIL NO..

eller som dei seier på spansk; hasta ahora. Med spansken min går det trått, det er ikkje til å leggje under ein stol, og verken brassane eller dei arge tinarane tek seg bryet med å lære seg engelsk. Ergo er vi like langt. Eg har pugga ei frase som eg vil seie er min mest brukte: Uno espresso con leche. Ein stk espresso med mjølk. Ein kjem langt med dette, det er eg eit levande bevis på. Eg har kome meg frå Rio til Iguazu og er faretruande nærme Buenos akkurat no.


Dei glade og varme dagane i Brasil er no over, og Veronica har no teke over rolla som språkleiar - der Kristine og Martin bidrog sterkt med portugisisk i Brasil. Eg strever framleis med å pugge talrekkja og nokre små spanske fraser til vi skal vitja barneheimen i Buenos Aires.. Dagane er framleis varme og glade sjølv om vi ikkje er i Brasil, men i teorien har vi dratt til vinterland, så her skal det vere litt kaldare enn det her er. Men vi har jo tydleligvis sommar endå - vertfall i våre auge. Alt over 18 grader er varmt ;)




I dagtidleg (klokka 06.00) ankom vi Iguazu i Argentina etter 16 timar i ein stappfull buss frå Sao Paulo. Våre medpassasjerar var av ymse slag, for å ikkje henge ut tyskarar eller romfrekke brasser skal eg la det ligge. Det har blitt ein del bussing og køyring dei siste dagane, men så mykje trakking vi har gjort innimellom trur eg det går opp i opp. Sjølv om at det går med ein del potetgull og cola for å motverke kvalme/bilsjuke - men det er jo medisin? Køyringa består av biling i bilen til Martin frå Rio til ein by lengre sør (3 timar i tjukk trafikk), bussing til Sao Paulo (8 timar), bussing til Iguazu (16 timar), bussing til Pasadas (5 timar) og bussing til Buenos Aires (15 timar).




Her i Iguazu har vi forresten sett på fossar. Store fossar. Sånn Niagara Falls standard på fossar liksom. Heilt fantastisk, sjølv om vi var knalltrøytte etter bussturen. Ellers åt eg min første argentinske biff i dag. Eg klarte ikkje å ete halvparten av kjøtstykket eingong og måtte få med meg ein doggybag. Åja, det skal bli meg litt eting desse dagane vi skal vere her i Argentina. Akkurat no skulle eg ynskje eg var lavkarboentusiast, og gafle i meg animalske proteiner av ypperste kvalitet. Men eg får heller prøve å beherske meg...

I morgon bussar vi sørover til Pasadas, hotell er booka og planane er klare; harrytur og grensehandel i Paraguay. Elles blir det berre avslapping og boklesing på koselege kafear. Vi treng litt powerbreaka i eit ellers travelt opplegg. Dei lengste bussturane er nokre knekkar, men den verste er over:)






Ellers har alt gått veldig bra på turen hittil. Ingen har vore dårlege eller sure eller sjuke og vi er stort sett einige om kva vi skal gjere og kor vi skal dra. Ting blir jo planlagt litt etterkvart på denne turen. Men no er den siste hotellbookinga og bussbillettane kjøpt. I Buenos har vi allereie planane klare. Så no er det berre fryd og glede dei siste 10 dagane våre her i Sør-Amerika :)

(Alle bileta som er brukt i innlegget er Natalie sine - takk til du)